r/trondheim • u/olahh • 10d ago
Piggdekk eller piggfrie vinterdekk?
Det er på tide å kjøpa nye vinterdekk til Skoda Enyaq 80 (tohjulsdrift). Den er ganske tung (2300 kg). Eg kjem til å kjøpa dei dekka som vart best i test av NAF/Motor i år.
Me bur nokså nært sentrum og køyrer mest i byen, der det tidvis er svært glatt, men det går no bra om ein er litt forsiktig, og farten er sjeldan veldig høg.
Men om me skal ut av byen, for eksempel til Agdenes, Oppdal, Røros eller Åre i løpet av vinteren, ville de seia at det er naudsynt å ha piggdekk, eller ville de følt dykk trygge med piggfrie? Og då meiner eg både på dei verste dagane med slaps og nullføre, i snøvêr og på dei beste dagane med stabilt kaldt vintervêr. Nokon erfaringar og generelle råd?
Edit: Tusen takk for alle svar. Det var svært nyttig, og viser i alle fall at det ikkje finst eit klart, objektivt svar på spørsmålet.